Gå til innhold
En blogg om egg, kjøtt og bærekraft
Arne Brimi

Framtida kan bli artig!

Arne Brimi

Det er både bærekraft og livskraft i å ha tru på eigen matproduksjon. Mære prosjektet er SÅ spennande at det er ein inspirasjon for verda.

Brimi pa gaard

Ja, dette blir spennande å være ein del av!

Sjøl har eg definert meg som ein måltidsvert for ein norsk råvare og matproduksjon i alle mine år i bransja. Min store inspirasjon har vore å vekse opp i ei vanleg grend i Norge. Der nøysamheit, sjølvberging og stoltheit over hva som vart skapt hadde ein sjølvsagt fokus, og læring.

Kor verdifullt dette var, såg eg ikkje før det kom ut i ei bok; «Genier ved Grytene». Boka er eit portrett av dei mest profilerte franske kjøkenpersonlegheitane, og som inspirerte ein heil verden, der stoltheit over eigen region og råvareproduksjon var altoverskyggande.

Sidan den gongen har dei gastronomiske moglegheitane nærmast eksplodert. Sikkert har mykje gått for fort, heilt sikkert må vi tenkja oss godt om, mykje fokus må endrast.

Matnasjonen Norge 2030

Vi vassar i mange uttrykk som kan vera både inspirerande og frustrerande. Grønt skifte, lokalmat, kortreist, global oppvarming, bærekraft… Eg er sikker på att heile handverksmatbransja både let seg inspirera, og er klare for å ta enda meir ansvar i å skape ei bærekraft i bransja vår som høver inn i måla for 2030.

Ja, kvar kjem maten vår frå? Og kven reknar dette heim til bærekraft? Slike spørsmål må bli meir på dagsorden. Kor lite sjølforsynte skal Norge vera? Det er eit anna spørsmål. Eit land sin matkultur blir skapt av folket og den kulturen folk er.

For meg startar bærekrafta der vi arbeider og har livet vårt. Har vi ein god matproduksjon gjev det identitet og livskvalitet. Sjøl likar eg å identifisere meg med Jotunheimen. Ein tidslaus Jotunheim, med velordna kulturlandskap rundt og på tur til Jotumheimen

Framtida

Vi må ha tru på att framtida blir artig. Vi veit at norsk og nordisk mat og råvarer har i mange år vore ein stor inspirasjon i den globale gastronomien. Mære prosjektet er SÅ spennande at det er ein inspirasjon for verda.

Men vi må heller ikkje gløyme den norske forbrukaren. Det er både bærekraft og livskraft i å ha tru på eigen matproduksjon.

Norges første forskningsprosjekt på kjøtt med redusert klimaavtrykk

2023 mai 22 Maere Landbruksskole klimavennlig kjott lansering 50

Kan biffen du spiser bli like klimavennlig som tilbehøret? I dag målte Landbruks- og matminister Sandra Borch opp først fôr-rasjon til prosjektet som skal undersøke om det er mulig å fôre frem kjøtt med betydelig lavere klimaavtrykk.

Les mer...